Lake Ellesmere/Te Waihora | |||
innsjø | |||
Luftfoto av Lake Ellesmere/Te Waihora
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Område | Regionen Canterbury | ||
Fylke | Christchurch City | ||
Distrikt | Selwyn District | ||
Innsjøtype | Brakkvasslagune | ||
Tilsig | Selwyn River/Waikirikiri | ||
Utløp | Stillehavet (gjennom sandbanke) | ||
Nedslagsfelt | Canterbury Plains km² | ||
Høgd over havet | 2 moh. | ||
Lengd | 30,5 km | ||
Breidd | 14,5 km | ||
Areal | 197,81 km² | ||
Største djupn | 2,1 m | ||
Koordinatar | 43°48′S 172°25′E / 43.800°S 172.417°E | ||
Lake Ellesmere/Te Waihora 43°48′00″S 172°25′00″E / 43.8°S 172.41666666667°E | |||
Lake Ellesmere/Te Waihora på Sørøya på New Zealand.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Ellesmere |
Lake Ellesmere/Te Waihora er eit vasstykke i regionen Canterbury på Sørøya på New Zealand. Innsjøen er i røynda ein brei og grunn lagune som ligg like i vest av Bankshalvøya, og er skild frå Stillehavet av ein lang og smal sandbanke som heiter Kaitorete Spit, eller meir korrekt Kaitorete Barrier. Han ligg dels i den søraustlege utkanten av Selwyn District og dels i den sørvestlege delen av det tidlegare Banks Peninsula District, som no (sidan 2006) er ein bydel (ward) i byen Christchurch. Sjøen betyr mykje, både historisk og kulturelt, for innfødde maoriar, og det tradisjonelle namnet, «Te Waihora», tyder ‘vatn som breier seg utover’. Han har offisielt hatt eit tospråkleg namn minst sidan 1938.[1]